Hopp til innhold
X
Innhald

Søketips

Nokre tips som kan gjere søkinga på nettsidene våre enklare:
Vi brukar Google sin innebygde søkemotor (tilpassa søk). Det vil seie at vi brukar Google sin godt utvikla søketeknologi, men spesialsydd til å søke berre inne på allkunne.no.
Søket søker både i overskrifter og inne i artiklane. Treffa vert sorterte etter kor stor relevans dei har til søket. Viss søkeordet/orda finst i overskrifta til ein artikkel, kjem denne artikkelen øvst i søkeresultatet. Deretter kjem artiklar der søkeordet er nemnt i teksten. Trefflista syner òg namn på menyar dersom det er relevant for det du søkte etter.
I trefflista kan du òg sortere søkeresultatet på dato for publisering.
Det vert ikkje skilt mellom små og store bokstavar.
Du kan søke både på enkeltord og fleire ord.
Du kan òg søke på namn på forfattar som har skrive artiklar som er publisert på allkunne.no.
Er du usikker på skrivemåten for noko du leitar etter, kan du prøve deg litt fram. I mange tilfelle vil søketreffet vise relevante artiklar sjølv om du feilstavar ordet, eller kome med forslag om å søke etter liknande ord. Her er det ikkje nokon klare reglar for når du får treff ved feilstaving, for det spørs kva du skriv feil og om vi har artiklar knytt til liknande ord.
Finn du ikkje det du leitar etter på første forsøk, er det lurt å prøve igjen, til dømes med fleire eller færre søkeord, eller med å stave søkeordet annleis.  
Fordi vi brukar Google sin tilpassa søkemotor, kan ein oppleve å sjå enkelte bokmålsord knytt til søket. Skriv du til dømes «sjykehus», vil søkemotoren vise «Viser resultater for..» og «Søk heller etter..», eller «Mente du..». Dette påverkar ikkje søket i seg sjølv, anna enn at skrivemåten i søket vil gi treff på artiklar som ligg nærast opp til skrivemåten. Søker du på «gutar» eller «gutter» vil du få to ulike trefflister, men nokre artiklar vil dukke opp i begge trefflistene.


Sist oppdatert: 24.10.2014