Hopp til innhold
X
Innhald

Søkjetips

Tips til korleis du får dei beste søkjetreffa på allkunne.no.

Dersom du ikkje finn det du leitar etter:

  • Prøv å søkje på eit anna ord eller synonym.
  • Dersom søket ikkje fører fram, kan du bla i menyane i staden. Alle artiklar er sorterte under relevante kategoriar.

Søkjetips

Du kan søkje på både enkeltord og fleire ord, men unngå heile setningar og spørjeord.

Søka viser treff i både overskrifter, artiklar, bilettekst og forfattarnamn. Treffa blir sorterte etter kor stor relevans dei har til søket. Dersom søkjeordet finst i ei artikkeloverskrift, kjem denne artikkelen øvst i søkjeresultatet. Er søkjeordet nemnt ofte i ein artikkel, og ikkje i noka overskrift, kan denne artikkelen kome øvst.

Unngå bruk av teikn som hermeteikn, bindestrek og liknande i søket. Det er ikkje mogleg å nytte teiknsetjing eller frasar for å avgrense eller utvide søket.

Søkjemotoren skil ikkje mellom små og store bokstavar. Maria Parr og maria parr vil derfor gi same resultatet.

Det er ikkje parallellsøk mellom nynorsk og bokmål. Skal du søkje etter kyrkjer, må du derfor søkje etter kyrkje og ikkje kirke. Søkjer du etter kirke, får du treff på artiklar som inneheld ordet kirke.

Ved å søkje på fleire ord samstundes får du treff på artiklar som inneheld eitt eller fleire av orda. Til dømes kan du søkje etter kommune rogaland for å avgrense treffet til artiklar om kommunar i Rogaland.

Søkjemotoren leitar fram dei treffa som ligg tettast opp mot skrivemåten av søkjeordet. Du kan derfor prøve å endre skrivemåten av søkjeordet til eintal eller fleirtal, eller frå substantiv til verb, eller omvendt. Til dømes vil søk på sykkel og syklar gi ulike resultat. Likeins får du ulike resultat ved å søkje på migrasjon og migrere.

Søkjemotoren kan forstå nokre feilskrivingar, men feilskriving kan gi færre og dårlegare treff.

Av og til kan det dukke opp artiklar i søkjetreffet som ikkje lenger eksisterer, fordi dei anten er flytta eller sletta. Du får då feilmelding (404) når du prøver å opne artikkelen i søkjetreffet. Dersom du opplever dette, kan du gå tilbake til søket og prøve å opne ein annan artikkel eller gjere eit nytt søk.


Sist oppdatert: 17.06.2019