Hopp til innhold
X
Innhald

Lillehammer Tilskuer

Lillehammer Tilskuer var ei dagsavis som vart grunnlagd i 1841 som liberal-konservativt organ.

Mellom 1945 og 1990 hadde avisa teknisk og redaksjonell samkøyring med Gudbrandsdølen (Sp), bortsett frå det politiske stoffet. I 1990 vart dei slåtte saman til éi uavhengig, ikkje-sosialistisk avis, Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2016
Sist oppdatert: 20.12.2016