Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Telegrambyrå A/S

Norsk Telegrambyrå A/S (forkorta NTB) er det sentrale nyhende- og biletbyrået for norsk presse.

Det vart grunnlagt som privat selskap i 1867. Frå 1918 vart det aksjeselskap med norske aviser som aksjeeigarar. I dag er Orkla Media største eigar, og elles er aviser, radio- og fjernsynsselskap aksjonærar. Hovudoppgåva til byrået er å levere ei kontinuerleg teneste med innanriks- og utanriksnyhende og aktuelle bilete til norsk presse og kringkasting. Byrået har eit stort nasjonalt og internasjonalt medarbeidarnett og omfattande samarbeid med store internasjonale nyhende- og biletbyrå.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.11.2016
Sist oppdatert: 20.12.2016