Innhald
Postmodernisme
Postmodernisme er eit omfattane omgrep som prøver å skildre tendensen til å utvide og overskride den modernistiske tradisjonen i kunst, arkitektur, litteratur og filosofi. Omgrepet grip attende til uttrykksformer i tidlegare tider, men gjerne med ein ironisk distanse.
Postmodernismen legg vekt på mangfald i teoriar og perspektiv, og er skeptisk til å uttrykkje innsikt og erkjenning på ein allmenngyldig måte.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012