Hopp til innhold
X
Innhald

Behaviorisme

Behaviorisme kjem frå det engelske ordet behave, oppføre seg, og er eit uttrykk i åtferdspsykologien. Denne retninga i psykologien studerer åtferda til menneske og dyr etter naturvitskapleg mønster, men utan å tolke den meininga åtferda har for den einskilde. Behaviorisme vart utvikla av mellom andre J.B. Watson kring første verdskrigen og legg vekt på forståing av læringsprosessar gjennom betinging.

Først publisert: 26.08.2015
Sist oppdatert: 26.08.2015