Hopp til innhold
X
Innhald

Humanistisk psykologi

Humanistisk psykologi er ei nemning for ei brei og noko ueinsarta retning i psykologien som vart populær på 60-talet. Retninga er inspirert av eksistensialisme og fenomenologi, men utan å knyte seg til ein viss metodologi. Humanistisk psykologi er i slekt med Diltheys forståande psykologi og vert ofte knytt til psykologar som har vore opptekne av oppbygging og dynamikk i personlegdomar, med vekt på sjølvmedverknad og samanheng. Retninga har vore representert av mellom andre A. Maslow, G. Allport, E. Fromm og C. Rogers.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015