Hopp til innhold
Figurar frå IQ-test. Foto: Life of RIley, CC BY SA 3.0
Figurar frå IQ-test. Foto: Life of RIley, CC BY SA 3.0
X
Innhald

IQ

IQ tyder intelligenskvotient og er eit taluttrykk basert på testresultat. IQ er ikkje det same som intelligens.

IQ tyder intelligenskvotient og er eit taluttrykk basert på testresultat. Slike testar vart tidleg utvikla til bruk i utdannings- og militærsystem for sortering av elevar og rekruttar. I dei tidlege testane viste taluttrykket til forhold mellom mental og kronologisk alder, ein kvotient. Ein slik reknemåte er gått ut av bruk, men omgrepet "kvotient" heng framleis med. Testane vert lagde til rette ut frå føresetnader om normalfordeling av svara, der middeltalet vert sett til 100 og standardavviket vanlegvis er 15 i kvar retning.

IQ er ikkje det same som intelligens. Ein test er uttrykk for ein prestasjon i ein gitt situasjon og bør brukast med varsemd av fagleg kyndige. Vanleg spreiing og bruk av "IQ-testar" mellom anna på nettet kan opne for misbruk.

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015