Hopp til innhold
X
Innhald

Kognitiv

Kognitiv kjem frå det latinske ordet cognito som tyder erkjenning, og vedkjem forstand og erkjenning. Kognitive prosessar er i psykologien ei nemning om prosessar knytte til oppfatning og omarbeiding av inntrykk og erkjenning. I kognitiv psykologi legg ein vekt på medvit, innsikt, meistring og språkleg styring.

Kognitiv forsking er i dag eit tverrvitskapleg felt som òg er knytt opp mot nevrovitskap og har mykje å seie i ulike område av psykologien..

Først publisert: 27.08.2015
Sist oppdatert: 27.08.2015