Hopp til innhold
X
Innhald

Mareritt

Mareritt er ein vond draum, ei sterk angstkjensle i søvnen som kan gi pustevanskar, ekstra hjertebank og sveitte. Det førekjem truleg frå tid til annan hos dei fleste menneske, men oftare hos barn enn hos vaksne. Namnet skriv seg frå den trua at eit overnaturleg vesen, frå norrønt mara, sette seg på brystet til den sovande.

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015