Motivasjon
Motivasjon i psykologien er ein generell term som seier noko om drivkreftene bak åtferd, kva behov ei gitt åtferd tilfredsstiller, eller kva mål ho er retta mot.
I moderne psykologi aksepterer ein at både biologisk betinga behov, kognitive og emosjonelle faktorar, både medvitne og umedvitne, og tilhøve i omgivnadene, sosial læringsteori, påverkar menneskelege motivasjonsprosessar.
Sist oppdatert: 09.03.2018