Hopp til innhold
X
Innhald

Ødipuskompleks

Ødipuskompleks er ein del av den psykoanalytiske teorien til Sigmund Freud, som handlar om fortrengde kjensler knytte til rivalisering og sjølvhevding.

Ødipuskompleks er namnet på fortrengde kjensler knytte til rivalisering og sjølvhevding. Omgrepet vart innført av Sigmund Freud som del av den psykoanalytiske teorien hans. Teorien ser ein samanheng mellom seksuell morsbinding og personlegdomsutvikling hos gutar i tre–fem-årsalderen, ein såkalla ødipal fase.

Omgrepet er henta frå den greske segna om kong Ødipus, som utan å kjenne foreldra sine, drap faren og gifte seg med mora.

Først publisert: 28.08.2015
Sist oppdatert: 28.08.2015