Hopp til innhold
X
Innhald

Organisasjonspsykologi

Organisasjonspsykologi er eit psykologisk fagfelt der ein studerer og kan vere med på å endre åtferd og samspel i organisasjonar med sine strukturar og funksjonar. Feltet er godkjent spesialitet innanfor psykologiprofesjonen. Organisasjonspsykologi vert mellom anna brukt i utdanning, helse, industri og forvalting, gjerne knytt til arbeidsmiljø, omstilling og konfliktløysing.

Først publisert: 28.08.2015
Sist oppdatert: 28.08.2015