Hopp til innhold
X
Innhald

Statsreligion

Statsreligion er ei religionsform med privilegert status i ein stat. Ofte forvaltar statsreligionen visse statlege oppgåver, til dømes inngåing av ekteskap og registrering av døde, og han har ein sentral plass i skuleverket. Den evangelisk-lutherske religionen har vore statsreligion i Noreg sidan reformasjonen i 1532, men har dei siste to hundre åra mist all reell makt og påverknad. Vi har fått ei sekularisering. I statar der islam er mest utbreidd som religionsform, er familierettslege spørsmål gjerne plasserte under islamsk lov og mynde, til dømes i Pakistan og Sudan. Tilsvarande posisjon har jødedomen i Israel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012