Kartet viser utstrekningen til Abbasidekalifatet på sitt største.
Shutterstock.

Abbasidane var eit arabisk dynasti som styrte det islamske riket frå 750 til 936, formelt heilt fram til 1258. Abbasideriket var på mange måtar høgdepunktet i den arabiske storheitstida i mellomalderen. Det styrte frå Atlanterhavet til Indias grenser, under leiing av éin kalif. I den første tida vart grunnlaget for muslimanes styresett lagt, og religionen vart utvikla gjennom grunnleggande teologiske debattar. Kulturlivet blomstra opp, med sentrum i Irak. Etter rundt to hundre år vart riket svekka, og utkantana begynte å rive seg laus. Til slutt vart kalifen berre til ein gallionsfigur i Bagdad utan reell makt, heilt til den siste vart drepen av mongolane i 1258

Faktaboks

Uttale
abbasˈidene

Bakgrunn

Abbasidane kom til makta gjennom eit opprør mot umayyade-dynastiet som hadde styrt riket frå Syria. Opprøret var leia av Abu Muslim, som truieg var persar, men han sette inn ein etterkommar av al-Abbas, profeten Muhammads onkel, som kalif. Dynastiet etter dei vart difor kalla «abbasidane». Med dette vart det etablert at kalifen måtte høyre til Profetens stamme, Quraysh, men trong ikkje vere ein direkte etterkommar.

Abbasidane gjorde Irak til sentrum, og utvikla riket til det som ofte blir kalla riket si storheitstid. Etter det første hundreåret begynte likevel kalifens makt å svekkast, og i 936 måtte han gi frå seg makta til ein lokal herskar. Kalifen var likevel formelt overhovud for eit rike som etter kvart bestod av mange uavhengige sultanat, heilt fram til 1258.

Frå arabisk til muslimsk rike

Statue av Abu Muslim
Statue av Abu Muslim, leiaren av oppreisten mot umayyadane som bana veien for at abbasidane kunne overta makta i det islamske riket.
Statue av Abu Muslim
Av /Shutterstock.

Mens arabarane i Syria overtok gamle kristne byar som Damaskus, Jerusalem og Aleppo, forsvann dei tidlegare persiske byane i Irak, og arabarane bygde nye, som Kufa og Basra. Abbasidane følgde dette mønsteret og grunnla ein ny hovudstad, Bagdad, i 762. Den vaks raskt til å bli ein av dei største byane i verda. Styresettet i riket vart utvikla med eit omfattande byråkrati, der skriftlærde både med gresk-romersk og persisk bakgrunn vart viktige, kalifens nærmaste var waziren.

Det skiljet som tidlegare hadde vore mellom dei som stamma frå dei arabiske erobrarane og andre muslimar, vart avskaffa med abbaside-revolusjonen, og styret fekk nå meir preg av å vere eit muslimsk heller enn arabisk styre. Fleire og fleire gjekk over til islam, og det var i denne perioden at folkefleirtalet i riket vart muslimsk, kanskje ein gong mellom 900- og 1000-talet. Det var likevel framleis kristne og jødiske minoritetar i riket gjennom heile historia.

Teologisk formingstid

Bilde av en stor minaret, som blir kalla spiralminareten av di trappegangen går som ein spiral på utsida av bygget.
Sprialminareten i Samarra i Irak er ein av dei mest kjende bygningane som framleis står etter abbasidane.
Foto av spralminareten i Samarra
Av /AP/NTB.

Denne perioden er kjent som «formingstida» i islam, som nå gjekk over frå å vere eit sett med grunnleggande idear basert i Koranen, til å få ein etablert teologi. Ulike tankeretningar og oppfatningar om Guds natur, om den frie viljen, syndarens plass og så vidare vart drøfta. I byrjinga meinte kalifen også å ville påverke denne debatten, men klassen av skriftlærde (ulama) avviste dette, og kalifen fekk ingen teologisk makt.

I staden vart det semje mellom dei lærde som kom til å avgjere kva som vart den rådande («ortodokse») teologien. Det var først mot slutten av perioden, helst på 1000-talet og utetter, at denne teologien tok form, i det som skulle bli dei to viktigaste retningane i islam, fleirtalet i sunnismen, og mindretalet i sjiismen (ei mindre, tredje form var ibadismen). Om lag på same tid festa også ideane om Guds vilje og lovreglar, shariaen form, i fire variantar som vart kalla dei fire lovskulaneeller ritane (madhhab).

Filosofi, vitskap og litteratur

Ein gullmynt med innprega arabisk skrift.
Ein arkeolog held fram ein abbaside-mynt av gull som vart mynta på 900-talet og funne i dagens Israel i 2020.
Foto av gullmynt
Av /AP/NTB.

Teologien var også knytt til dei store filosofiske spørsmåla, og særlig i den siste delen av abbasidetida blomstra filosofiske tenkarar som seinare også vart omsett til europeiske språk og studert utover i den europeiske middelalderen. Matematikk og naturvitskap utvikla seg etter, med innverknad frå indisk og kinesisk kultur. Frå Kina kom på 700-talet kunnskapen om å produsere papir, og det førte til ein eksplosjon i skriftkultur. Det vaks fram ein skjønnlitteratur på det arabiske språket, mot slutten av perioden også på nypersisk.

Historie

Historia i dynastiet kan greitt delast i tre hovuddelar.

Etablering

Al-Ukhaidir-borgen

Al-Ukhaidir-borgen ble bygd av abbasidene i 775 og ligger fem mil sørvest for Karbala. Den er foreslått til å bli UNESCOS verdensarv.

Dei første seksti åra var ein etableringsfase, der kalif Mansur (754–775) bygde opp det nye styresettet. Den mest kjente av kalifane er nok Harun, med tilnamnet al-Rashid (786–809), kjent frå historiene i Tusen og én natt. Han fekk der eit nok litt ufortent ry som «den gode kalifen», truleg fordi han var den siste før problema tok til å tårne seg opp. Han delte riket mellom sine to søner, Amin (809–813) og al-Ma’mun (809–833). Det førte til ein borgarkrig mellom dei der den siste vann. Ma’mun var ein sterk kalif, men borgarkrigen opna ein periode med stigande indre uro mellom krefter i samfunnet. Seinare kalifar prøvde å styrke eiga makt ved å rekruttere tyrkiske slavesoldatar (mamlukar) som berre skulle vere lojale til kalifen. Men dei vart snart ei eigen makt som like gjerne var i opposisjon. Siste del av 800-talet vart derfor ei tiltakande oppløysingstid.

Indre uro

Kulturelt og religiøst var den islamske verda fortsatt samla, og handel og økonomi var lite påverka av dei politiske konfliktane. Men kalifens herredømme over utkantane i riket vart stadig svakare. Andalus, den muslimske delen av den iberiske halvøya (det seinare Spania og Portugal), kom aldri under abbasidanes styre, der hadde ein påstått ætling av det gamle umayyadestyret oppretta eit i praksis sjølvstendig emirat. Omlag samtidig tok også berber-dynasti frå den ibadiske minoritetsretninga styring over det meste av Maghreb (Nord-Afrika vest for Egypt) og heldt denne regionen heilt fram til det sjiiske Fatimide-styret erobra den i 909. Egypt var lojalt under Bagdad-kalifen, men når Bagdad var svekka av indre uro, greip guvernøren i Egypt ofte høvet til å ta reell styring over sin provins. Det same utviklinga skjedde i dei austlege provinsane mot India. Det området kalifen faktisk hadde herredømme over, skrumpa stadig inn, og han hadde større og større problem med også å halde kjerneområdet i Irak. Til sist, i 936, gav kalif al-Radi (934–940) også makta i Bagdad til ein lokal tyrkisk hærførar. Med dette var ikkje berre abbaside-kalifatet, men også heile epoken med eit samla islamsk kalifat reelt over. Alle dei ulike provinsane styrte nå seg sjølve, og dei lokale herskarane kom til å bli kjent som sultanar, som rett og slett betyr «herskar».

Oppløysing og fall

Men sultanane gjorde i hovudsak ikkje krav på tittelen kalif, bortsett frå emiren i Andalus, som erklærte seg som kalif over sitt område i 929, og Fatimide-sjiaene, som aldri hadde godtatt den sunniske kalifen og rekna sin leiar som imam, ein alternativ tittel. Dei andre sultanane godtok abbaside-kalifen i Bagdad som sitt formelle overhovud, sjøl om kalifen ikkje hadde nokon innverknad på korkje politikk eller styresett i dei ulike sultanata, dei låg gjerne i krig med kvarandre om det høvde seg slik. På den måten vart kalifen i Bagdad sittande som ein rein marionette-figur, som kunne motta helsingar frå «sine» sultanar ved ulike høve. Kalifen hadde aldri hatt noen makt over teologien og hadde det fortsatt ikkje, men likevel vart han til tider meir rekna som overhovud over det dei alle hadde saman, religionen, eit formelt religiøst overhovud eller samlingsfigur utan religiøse funksjonar.

Berre i ein kort periode først på 1000-talet var det ein meir aktiv kalif, al-Qadir (991–1031), som prøvde å bygge opp ein sunnisk motmakt mot det lokale sultanstyret som da styrte over Irak, Buyidane som hadde vist sympati for sjiismen. Men hans forsøk nådde aldri ut over området rundt Bagdad og fall til jorda etter få år. Kalifen gjekk tilbake til skuggetilværet, som varte heilt fram til 1258 då heidenske mongolar frå nord strøymde inn over Midtausten, erobra og brann Bagdad til grunnen, og drap både kalifen og hans familie, og mange av dei lærde i byen. Etter dette forsvann abbaside-slekta, og sultanane heldt fram med å styre som dei hadde gjort, men nå utan nokon kalif i Bagdad å sende helsingar til.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg