Hopp til innhold
X
Innhald

Hagia Sofia

Hagia Sofia som er gresk og tyder "den heilage visdomen", er namnet på den største kuppelkyrkja i bysantinsk arkitektur, bygd 532–37 i Konstantinopel, no Istanbul. Frå 1453 var kyrkja moské og fekk då sine fire minaretar.

Hagia Sofia har vore eit museum sidan 1934 og er oppført på UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv.
 


Hagia Sofia. Foto: Jo Christian Oterhals/by-nc-nd/2.0 flickr.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.02.2017