Hopp til innhold
X
Innhald

Jainismen

Jainismen er ein indisk religion som utifrå tradisjonen kan førast tilbake til 24 tirtankaraer. Den første var Rishabha og den 24. Vardhamana eller Mahavira, død 477 f.Kr.
Janinismen er delt i to hovudretningar: shvetambara og digambara. Jainaene er ein minoritet i India med ca. 4–5 millionar tilhengjarar, men spelar ei framståande økonomisk rolle. Jainismen har ei rekkje munke- og nonneordenar og legg stor vekt på asketisk livsførsel, særleg viktig er påbodet om ikkje å gjere skade.


Sist oppdatert: 20.05.2014