Hopp til innhold
X
Innhald

Rastafarianisme

Rastafarianisme er namnet på ei politisk-religiøs rørsle som oppstod på Jamaica i 1930 som ein reaksjon på undertrykking basert på økonomi og rase. Rastafarianarane oppfatta Haile Selassie i Etiopia som ein messias for dei svarte, og tilbaud han med det opphavlege namnet hans: Ras, som tyder prins, og Tafari.
 
Frå 1960-talet vart rastafarianismen prega av militant anti-imperialisme og mystisisme. Rørsla er sterkt knytt til reggae-musikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 12.05.2014