Hopp til innhold
X
Innhald

Sikhismen

Sikhismen kjem frå ordet sikh på punjabi, som tyder disippel hos ein guru. Sikhismen er namnet på ein indisk religion med om lag 25 millionar tilhengjarar, grunnlagd av Guru Nanak som levde i perioden 1469–1539.
Religionen er monoteistisk og byggjer på læra til Guru Nanak og guruane som følgde etter han. Den heilage skrifta heiter Gurur Granth sahib, som vert tilbeden som den levande guruen. Det religiøse senteret ligg i Harmandir Sahib eller Darbar Sahib i Amritsar.
Foto: Rob., flickr.com CC BY 2.0
Foto: Rob., flickr.com CC BY 2.0


Sist oppdatert: 24.04.2014