Hopp til innhold
X
Innhald

Sunni-islam

Sunni-islam kjem frå det arabiske ordet sunna, som tyder livsførsel, tradisjon. Det er namnet på den største islamske gruppa, 85 prosent, som kallar seg "tradisjons- og fellesskapsfolket", ahl al-sunna wa'l jama'a, og som dermed skil seg frå sjia-islam.
 
 
Sunnimuslimane påstår at dei følgjer den autentiske tradisjonen til profeten Muhammad, slik han er skriven ned i samlingar av hadith, forteljingar om livet til profeten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014