Drake
Draken er eitt av dei mest utbreidde fabeldyra i folketrua. I kristne førestellingar representerer draken vonde makter, men i austleg tru er han symbol på kraft og styrke.
Draken er eitt av dei mest utbreidde fabeldyra i folketrua. Ordet kjem frå det greske drakon og det latinske draco som tyder slange, orm. I kristne førestellingar representerer draken vonde makter, jamfør slangen i paradiset (1 Mos 3) og historia om Sankt Georg og draken.
I andre tradisjonar vert draken brukt til å skremme motstandarar, som drakehovud på vikingskip, eller for å mane bort vonde ånder, som utsmykking på stavkyrkjer.
I austleg tru er draken eit symbol på krefter.
Drakestatue i Ljubljana i Slovenia. Foto: Zoe52, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 26.10.2016