Direktør er ein administrativ stillingstittel som blir brukt både i offentleg og privat verksemd. Tittelen blir vanlegvis brukt om éin eller fleire leiarar i eit føretak, forvaltningsorgan, ein organisasjon, institusjon eller avdeling.

Faktaboks

Uttale
direktˈør
Etymologi
av fransk, til latin ‘styre’

I offentleg sektor blir direktør-tittelen ofte brukt om leiaren av:

  • direktorat
  • kontrollorgan som står i relativt uavhengig stilling til departementa (til dømes Finanstilsynet)
  • forvaltningsbedrifter
  • større anstaltar og institusjonar
  • nokre departements- og direktoratsavdelingar

Tidlegare har tittelen generaldirektør i nokre tilfelle blitt brukte for leiaren av ei verksemd. Tittelen er svært lite brukt i dag, både i offentleg og privat sektor.

I mange store aksjeselskap brukar ein tittelen administrerande direktør (adm. dir.) om rolla som dagleg leiar i føretaket. Selskapet står fritt til å velje om dei vil nytte tittelen direktør synonymt med sjefs- eller leiartitlar for høgtståande tilsette i organisasjonen.

Det har blitt vanleg at leiaren for ei hovudavdeling (divisjon) i større føretak òg har tittelen direktør. Leiaren kan til dømes bli kalla finansdirektør, marknadsdirektør eller direktør for strategi og innovasjon og liknande.

I større konsern er det vanleg at fleire i toppleiinga får direktør-tittel. Dagleg leiar i det øvste driftsbaserte morselskapet vil i denne samanhengen ofte bli kalla konsernsjef. Innanfor dei ulike avdelingane som er ligg under konsernsjefen blir desse leiarstillingane ofte kalla konserndirektør økonomi, konserndirektør marknad, konserndirektør utvikling og så vidare.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg