Fleirtal er ei grammatisk form – ofte ei bøyingsform – som viser til fleire eksemplar av noko, som i substantivformene bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar.

Faktaboks

Også kjend som
pluralis, plural

Numerus

Fleirtal høyrer heime i den grammatiske kastegorien numerus (tal) og blir ofte omtala med det latinske ordet pluralis. Ein brukar forkortinga flt. for fleirtal og pl. for pluralis.

I dei fleste språk står fleirtal i motsetnad til eintal (singularis), slik som i norsk:

  • Eintal: båt, båten
  • Fleirtal: båtar, båtane

I nokre språk står fleirtal i motsetnad til både eintal og total (dualis). Då tyder fleirtal 'fleire enn to', som i dette arabiske dømet:

  • Eintal: malik ملك 'konge' (ein)
  • Total: malikān ملكان 'kongar' (to)
  • Fleirtal: mulūk ملوك 'kongar' (fleire enn to)

Fleirtal ved verb

Skiljet mellom eintal og fleirtal finst i mange språk også ved verb, for å vise om subjektet står i eintal eller fleirtal. Engelsk har dette skiljet i presens, og i preteritum av verbet be:

  • Subjekt i eintal: the girl is hungry 'jenta er svolten'
  • Subjekt i eintal: the girl was hungry 'jenta var svolten'
  • Subjekt i fleirtal: the girls are hungry 'jentene er svoltne'.
  • Subjekt i fleirtal: the girls were hungry 'jentene var svoltne'.

Fleirtal ved adjektiv

Norske adjektiv har stort sett forskjellig form i eintal og fleirtal, både i attributiv og predikativ stilling, her illustrert med fin:

  • Attributivt adjektiv i eintal: ein fin bil
  • Attributivt adjektiv i fleirtal: fine bilar
  • Predikativt adjektiv i eintal: bilen er fin
  • Predikativt adjektiv i fleirtal: bilane er fine

Som regel er det slik at eit predikativt adjektiv står i fleirtal når subjektet står i fleirtal, med ei fleirtalsform eller med fleire eintalsformer:

  • Kari er lett å be.
  • Dei er lette å be.
  • Elevane er lette å be.
  • Kari og Per er lette å be.

Men det er heller ikkje uvanleg at eit predikativt adjektiv står i fleirtal etter eit subjekt i eintal, dersom subjektet viser til ei gruppe:

  • Brannvesenet er lette å be.

Grensetilfelle

I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å definere fleirtal som fleire eksemplar av noko, som i eksempla bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar øvst i artikkelen, men det finst fenomen som står på grensa mellom eintal og fleirtal, ved at dei er eitt eksemplar frå éin synsvinkel og fleire eksemplar frå ein annan. Norske eksempel på dette er briller og bukser:

  1. Eli hadde kjøpt seg nye briller.
  2. Margrethe går i bukser når ho er på jobb.

Når vi seier at Eli har kjøpt seg nye briller, meiner vi som regel eitt eksemplar av denne innretninga som ein set framfor auga for å sjå betre. Grunnen til at vi likevel brukar ei fleirtalsform, er utan tvil at denne innretninga har to glas. På same vis viser bukser i setning 2 som regel til eitt klesplagg, som blir omtalt med ei fleirtalsform fordi plagget har to bein.

Dette fenomenet er velkjent frå mange språk. Engelsk har til dømes desse substantiva med fleirtalsform og eintal tyding:

  • spectacles 'brille(r)'
  • trousers 'bukse(r)'
  • breeches 'ridebukse(r)'
  • scissors 'saks'
  • binoculars 'kikkert'
  • measles 'meslingar'

Alle desse substantiva viser til ting med to eller fleire like delar, som kan forklare fleirtalsforma. Også det norske substantivet saks er opphavleg ei fleirtalsform. Norrønt hadde inkjekjønnssubstantivet sax, som tydde 'sverd, stor kniv', med fleirtalsforma sǫx, som tydde 'saks'.

Substantiv som berre har fleirtalsform og inga eintalsform, som mellom anna dei engelske orda i lista over, blir tradisjonelt omtalte som pluralia tantum (fleirtal av plurale tantum), latin for 'fleirtal berre'.

Manglande samsvar mellom form og tyding

Det er heller ikkje uvanleg at substantiv med fleirtalsform oppfører seg grammatisk som eintalsord, fordi dei viser til noko som kan sjåast på som éin ting. Til dømes oppfører engelsk United States og Netherlands seg som eintal, fordi det i begge tilfelle er snakk om er eitt land:

  • Is the United States a republic? 'Er Sambandsstatane ein republikk?'
  • The Netherlands is a parliamentary constitutional monarchy. 'Nederland er eit parlamentarisk konstitusjonelt monarki.'

Omvendt hender det at eit substantiv med eintalsform oppfører seg grammatisk som fleirtalsord, til dømes fordi det viser til til fleire individ, som norsk politiet og engelsk the police:

  • Are the police racist? 'Er politiet rasistiske?'

I nokre tilfelle førekjem både eintal og fleirtal ved verbet. Eintal uttrykkjer då at ein ser på gruppa som ein heilskap, fleirtal at ein legg vekt på dei enkelte medlemene:

  • The Olympic Committee was welcoming all the athletes. 'Den olympiske komiteen ønskte alle utøvarane velkomne.'
  • The Olympic Committee were cheering enthusiastically. 'Den olympiske komiteen jubla entusiastisk.'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg