Innhald
Generalforsamling
Generalforsamling er møte mellom aksjonærar eller medlemmer i aksjeselskap, foreiningar eller andre organisasjonar.
Generalforsamlinga står over styret og kan gripe inn i styreverksemda, eventuelt endre dei lovene som gjeld for samanslutninga.
Ordinær generalforsamling blir innkalla vanlegvis ein gong i året for mellom anna å godkjenne eller ikkje godkjenne rekneskapen, velje styre og gjere andre framlegg. Generalforsamlinga har avgjerande mynde i saker som vedkjem drifta av organisasjonen. Det kan òg kallast inn til ekstraordinær generalforsamling.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012