Hopp til innhold
X
Innhald

Medalje

Medalje (frå latin metallum, malm, metall, via fransk médaille), rundt, vanlegvis dobbelsidig metallrelieff, prega med portrett, våpenskjold og/eller inskripsjon til minne om ein person eller ei storhending eller til utdeling som løn eller utmerking.
Framsida blir kalla a(d)vers, baksida revers. Medaljar som ikkje er runde, blir gjerne kalla plakettar og er som oftast prega berre på den eine sida.
Kjende norske medaljar er mellom andre Medaljen for borgerdåd, sjå Borgerdådsmedaljen.
Medaljen for edel dåd, stifta 19. august 1885, blir delt ut av Kongen i statsråd i gull og sølv.
Kongens fortjenstmedalje, sjå fortjenstmedalje, Kongens. 7. juni-medalje, til minne om 7. juni 1905, delt ut til dåverande medlemmer i Storting og Regjering.
Sydpolsmedaljen, stifta av Haakon 7. den 20. august 1912 og delt ut til medlemmene i sydpolekspedisjonen til Roald Amundsen 1910–12.
St. Olavsmedaljen, stifta av Haakon 7. den 17. mars 1939 som løn for fortenester for utbreiing av kjennskap til Noreg i utlandet og for fremjing av samband og samkjensle mellom heimlandet og det utflytta Noreg.
Maudheimmedaljen, stifta av Haakon 7. den 14. november 1951 og delt ut til deltakarane i den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen 1949–52.
Av krigsmedaljane kan i rangordning nemnast: St. Olavsmedaljen med eikegren, Krigsmedaljen, Haakon VIIs frihetsmedalje, Deltakermedaljen og Den norske Koreamedalje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.03.2012
Sist oppdatert: 30.03.2012