Hopp til innhold
X
Innhald

Radikal

Radikal (frå latin radix, rot), tyder eigentleg "som går til rota av". Nemning i kunst, politikk, religion, vitskap etc for ei haldning som inneber at ein går grundig til verks og er villig til å akseptere endringar, same kor omfattande og djuptgripande dei er. I politisk språkbruk tyder radikal gjerne venstreorientert, motsett av konservativ.
Ein radikalar er ein person med radikale synspunkt, særleg om politikk. I kjemi er radikal ei atomgruppe som er ein del av eit molekyl, og vanlegvis ikkje kan eksistere åleine.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012