Hopp til innhold
X
Innhald

Anarkisme

Anarkisme er ei politisk rørsle som har som mål å oppheve staten og statstvangen, til fordel for frivillig samvirke og at einskildindivida får utfalde seg. Anarkistar har av og til tydd til reine valdshandlingar.
 
Anarkismen har aldri skapt noka folkerørsle, unnateke i Spania, men har hatt stor påverknad på utviklinga av arbeidarrørsla med teoretikarar som Pierre Joseph Proudhon, Mikhail Aleksandrovitsj Bakunin og Pjotr Aleksejevitsj Krapotkin. Russaren Sergej Gennadijevitsj Netsjajev forkynte "handlingspropagandaen", mellom anna med politisk mord, og la grunnen til nihilismen.
 
I Noreg har anarkismen spelt ei lita rolle. Boka til Hans Jæger, Anarkiets Bibel, som kom ut i 1906, fekk lite å seie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012