Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialisme

Sosialisme, frå latin socius, forbundsfelle, er nemning for eit samfunnssystem som avviser privat eigedomsrett og påstår at produksjonsmidla skal eigast kollektivt. Målsetjinga er ei statleg planhushaldning som tilgodeser behova til samfunnsmedlemene.
 
Sosialistiske idear som likskap og eigedomsfellesskap, eksisterte alt i oldtida, til dømes hos Platon og urkristendomen, og i mellomalderen.
 
Som politisk program for omdanning av samfunnet vart sosialismen utforma først på 1800-talet då den moderne kapitalismen tredde fram og skapte ei stor industriarbeidarklasse. Sosialismen som idé var på 1800-talet prega av forfattarar som Henri de Rouvroy de Saint-Simon, Charles Fourier, Pierre Joseph Proudhon og Louis Blanc i Frankrike og Owen i England. I 1848 gav dei to tyske teoretikarane Karl Marx og Friedrich Engels Det kommunistiske manifest, sjå kommunisme og marxisme. Marxismen var avgjerande for det politiske gjennombrotet til sosialismen. Dei sosialistiske partia vart likevel tidleg splitta i reformistiske og revolusjonære grupper.
 
Omgrepet har vore brukt i svært vid forstand på alt frå ein sosialdemokratisk reformpolitikk til ein karakteristikk av statar som Sovjetunionen og Kina

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012