Hopp til innhold
X
Innhald

Allmenning

Allmenning, skog eller fjellstrekningar som er åtte av stat, bygd eller private, og som bygdefolket har ein viss bruksrett i. Denne bruksretten omfattar rett til hogst, hamnegang, seter, fjellslått, fiske, mose, torv og lauv. Omfanget av retten er bestemt ved sedvane eller lov. Allmenningsstyret blir valt av og blant dei som har eigedoms- og bruksrett i allmenningen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.06.2012
Sist oppdatert: 26.06.2012