Innhald
Dusør
Dusør eller finnarløn, betaling for å ha funne tapt gods, jf. hittegodslova av 1953. Dusøren blir vanlegvis ikkje sett til meir enn 20 % og høgst kr 15 for hittegodsverdi på inntil kr 100, ikkje over 15 % og høgst kr 50 for verdi på inntil kr 500, og ikkje over 10 % for verdi over kr 500. Finnaren kan nekte å utlevere hittegodset før ein passande dusør er betalt.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012