Hopp til innhold
X
Innhald

Gjeldsbrev

Gjeldsbrev, dokument som er skriftleg og som oppfyller visse andre vilkår, og der den som skriv det ut, forpliktar seg til å betale ein viss sum pengar. Dersom A skuldar pengar til B i kraft av til dømes ein munnleg avtale, vil det å skrive ut eit gjeldsbrev som hovudregel ikkje forandre rettsstillinga mellom partane. Jf. elles lov om gjeldsbrev av 1939.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012