Innhald
Kommandittselskap
Kommandittselskap (KS), selskap der minst éin deltakar er ansvarleg for den samla gjelda i selskapet (komplementar), og minst éin deltakar berre er ansvarleg med storleiken på innskotet sitt (kommandittist). Ansvaret til kommandittistane svarer i grove trekk til aksjeeigarane sitt ansvar i eit aksjeselskap. I dei fleste kommandittselskapa er komplementaren eit aksjeselskap, og aksjeeigarane i komplementar-aksjeselskapet er ofte kommandittistar i kommandittselskapet.
Kommandittselskap skal vere registrerte i Føretaksregisteret. Reglar om kommandittselskap finn ein i selskapslova av 1985.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012
Sist oppdatert: 06.08.2012