Hopp til innhold
X
Innhald

Pant

Pant, formuesgode som heftar som tryggleik for oppfylling av ei fordring (pantekravet). Panterett kan kome til gjennom avtale (avtalepant), gjennom lovreglar som lèt godet hefte for spesifiserte krav (lovbestemt pant) eller som eit ledd i ordinær inndriving av eit pengekrav for namsmakta (utlegg). Jamfør elles pantelova av 1980.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012