Hopp til innhold

Territorialprinsippet

Territorialprinsippet, ein grunnleggjande regel i folkeretten som går ut på at alle statar har einerett til å bruke tvangsmakt på sitt territorium. Alle personar som oppheld seg innanfor territoriet, er som hovudregel underlagde styresmakta til staten. Korleis tvangsmakta blir utøvd, blir sett på som ei sak for den enkelte staten. Menneskerettane set likevel grenser for korleis ein stat kan behandle individ som oppheld seg på territoriet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012