Innhald
Middelskular
Middelskular, dei nedste klassane i ein fullstendig lærd skule. Middelskular vart oppretta i ein del mindre byar etter 1814. Dei første kom i Arendal, Kongsberg og Larvik i 1824.
Som skuleslag vart middelskulen først etablert ved lova om den høgre skulen av 1869. Skulen var fyrst 6-årig (9–15 år), seinare 4-årig (12–16 år) og deretter 3 årig (14–17 år).

Jenteklassa ved middelsskulen på Nordstrand i Kristiania, 1910. Foto: Forbech, Ludvig / Oslo Museum CC BY 3.0
Middelskuleeksamen gav ein svært ettertrakta kompetanse i arbeidslivet, og han gav tilgang til gymnaset. Middelskulen vart avløyst av realskulen i 1935.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 15.07.2014