Hopp til innhold
X
Innhald

Sivilingeniør

Sivilingeniør, frå 1949 ein autorisert tittel med einerett for ingeniørar som var uteksaminerte frå Noregs tekniske høgskole og visse utanlandske universitet og høgskular. Frå 1985 galdt dette også for enkelte høgskular og for universiteta i landet.
Ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har uteksaminerte teknologar fått tittelen master i teknologi frå 2002.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.09.2014