Hopp til innhold
X
Innhald

Norges tekniske høgskole (NTH) NTNU

Norges tekniske høgskole (NTH), høgskule som vart grunnlagd i Trondheim i 1910. Skulen var den fremste tekniske høgskulen i Noreg og er no del av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
 
NTNU i Trondheim. Foto: Eirik Refsdal, CC BY 3.0
 
NTNU i Trondheim. Foto: Eirik Refsdal, CC BY 3.0
 
NTNU har hovudansvar for den høgare teknologiutdanninga i Noreg og tilbyr utdanning i naturvitskap, humaniora og estetiske fag, samfunnsvitskap og økonomisk-administrative fag. I tillegg har NTNU profesjonsutdanning i medisin, psykologi, arkitektur, biletkunst, musikk, og lærarutdanning.

NTNU er ein av Noregs største utdanningsinstitusjonar med 7 fakultet, 48 institutt og 23 000 studentar (2013).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.08.2014