Hopp til innhold
X
Innhald

Arktisk Råd

Arktisk Råd er eit mellomstatleg forum som vart etablert i 1996 med åtte medlemsland: Canada, Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og USA. Seks urfolksorganisasjonar er permanente deltakarar.
Rådet arbeider med arktiske saker av felles interesse og har stått bak bindande avtalar om søk- og bergingstenester og oljevernberedskap. I 2013 hadde tolv statar og elleve ulike organisasjonar observatørstatus i Arktisk Råd.
Rådet har sekretariat i Tromsø på permanent basis.

Først publisert: 06.09.2013
Sist oppdatert: 06.09.2013