Hopp til innhold
X
Innhald

Dronning Maud land

Dronning Maud land er eit område av Antarktis frå 20° vest til 45° aust som frå 1939 har vore lagt under norsk herredøme. Ein høg isvegg ligg langs kysten og over 3000 meter høge fjell stikk over isen i det indre. Her finn vi forskingsstasjonen Troll.

Dronning Maud land er eit område av Antarktis frå 20° vest til 45° aust som frå 1939 har vore lagt under norsk herredøme. Området omfattar Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst og landområda sørover. Ein høg isvegg ligg langs kysten og over 3000 meter høge fjell stikk over isen i det indre.


galleri

Dronning Maud Land har ei rekkje vitskaplege heilårsstasjonar frå mellom anna India, Japan, Russland og Sør-Afrika i tillegg til den norske stasjonen som heiter Troll. Som med andre krav i Antarktis er kravet Noreg har om suverenitet over området, lagt på is så lenge Antarktistraktaten gjeld.
Sjå video frå NRK Skole frå Dronning Maud land og forskingsstasjonen Troll: "Norske forskere i Antarktis"

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2013
Sist oppdatert: 09.11.2017