Hopp til innhold
X
Innhald

Kerguelen

Kerguelen er ei øygruppe lengst sør i Indiahavet ved ca. 49° sør, 70° aust. Øygruppa har ei stor øy på 6700 km² og ca. 300 små øyer. Det samla flateinnhaldet er på 7000 km², og det høgaste punktet er på 1960 meter over havet. Kerguelen har eit kjøleg havklima og somme isbrear når heilt til havet. Øygruppa vart oppdaga i 1772 av franskmannen Yves de Kerguelen, men Frankrike okkuperte området effektivt først i 1949.
Port-aux-Français har fleire vitskaplege forskingsstasjonar, men har ingen busetnad elles. Det er sett ut rein, sau og ørret som har tilpassa seg naturtilhøva.
Kerguelen. Foto: dimidan, flickr.com CC BY 2 0
Kerguelen. Foto: dimidan, flickr.com CC BY 2 0

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2013
Sist oppdatert: 24.09.2013