Hopp til innhold
 Kralendijk. Foto: Chika Watanabe, flickr.com, CC BY
Kralendijk. Foto: Chika Watanabe, flickr.com, CC BY
X
Innhald

Bonaire

Bonaire er ein særskild kommune som høyrer til Nederland saman med øyane Saba og Sint Eustatius. Frå 1954 var Bonaire del av Dei nederlandske Antillane, som vart oppløyste i 2010.
 
Bonaire ligg aust for Curaçao, er på 288 km² og har om lag 16 500 innbyggjarar. Hovudstad er Kralendijk. Det vert drive utvinning av salt. Frå 1981 har Bonaire hatt eige flagg.

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013