California
California er den den mest folkerike delstaten i USA, på vestkysten. Hovudstaden er Sacramento, men dei største byane er Los Angeles, San Francisco og San Diego.
California (forkorta Cal. eller CA), den mest folkerike delstaten i USA, på vestkysten. Flatevidda er 411 047 km², og delstaten har om lag 36,2 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Sacramento, men dei største byane er Los Angeles, San Francisco og San Diego.
Langs kysten og i Central Valley finn ein middelhavsklima, medan det er tørt i det indre. Kunstvatna jordbruk gjev frukt, grønsaker, bomull og druer til vinproduksjon. Vidare finn ein mykje næringsmiddelindustri, elektronisk industri og verkstadindustri i California, i tillegg til mange petrokjemiske fabrikkar. Turisme og filmindustri gir også store inntekter.
Området vart utforska av spaniarane på 1500-talet, og var meksikansk frå 1822, før det vart avstått til USA i 1848. I 1849 vart det gjort store gullfunn, og California vart delstat året etter. Folkesetnaden omfattar mange meksikanarar og asiatar som har innvandra. Delstaten blir elles kalla Golden State.
Brua Golden Gate i San Fransisco, California. Foto: Alain Picard, flickr.com CC BY.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.02.2014