Hopp til innhold

 Robinson Crusoe-øya. Foto Jardín Botanico, Nacional Vina all Mar, Chile, flickr.com. CC BY
Robinson Crusoe-øya. Foto Jardín Botanico, Nacional Vina all Mar, Chile, flickr.com. CC BY
X
Innhald

Juan Fernández

Juan Fernández er tre øyar i Stillehavet, mellom 30° og 35° sør, 600 km frå Sør-Amerika. Dei er på 185 km² og har om lag 600 innbyggjarar. Hovudnæringsvegen er hummarfiske. Øyane høyrer til Chile.
På Isla Más a Tierra, eller Robinson Crusoe-øya, som er på 93 km², levde 1704–09 den skotske sjømannen Alexander Selkirk. Han var modell for Daniel Defoe sin romanperson Robinson Crusoe. Dei to andre øyane er Isla Más a Afuera, eller Alejandro Selkirk-øya, som er på 33 km², og Isla Santa Clara. Øyane vart hardt råka av ein tsunami etter eit jordskjelv i Chile i februar 2010.

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013