Innhald
Sør-Dakota
Sør-Dakota, delstat i USA.
Sør-Dakota (engelsk South Dakota; forkorta S.Dak. eller SD), delstat i USA på 199 730 km². Sør-Dakota har om lag 767 000 innbyggjarar, og hovudstaden er Pierre. Den største byen er Sioux Falls.
Delstaten er ein præriestat med mykje havre-, mais- og kveitedyrking, og husdyrhald. Gullutvinning og næringsmiddelindustri er også viktige næringar. Området vart territorium i 1861 og delstat i 1889. Sør-Dakota blir kalla Coyote State.
Foto under: Indianar i Sør-Dakota. Foto: Edward Sherriff Curtis. Kjelde: Museum of Photographic Art, USA.


Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 07.09.2020
Sist oppdatert: 07.09.2020