Innhald
Mexicogolfen
Mexicogolfen, eit havområde mellom Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Cuba. Mexicogolfen har eit areal på rundt 1,3 millionar km², og er på det djupaste om lag 2000 meter djupt. På dei store shelfområda vert det utvunne olje. Frå Det karibiske havet strøymer det inn varmt og salt vatn gjennom Yucatánsundet, og dette vatnet forlèt Mexicogolfen gjennom Floridasundet som byrjinga på Golfstraumen.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012