Hopp til innhold
X
Innhald

Vilhelm Bjerknes

Vilhelm Bjerknes, 1862–1951, var skaparen av bergensskulen innanfor meteorologi. 

Bjerknes var son av Carl Anton Bjerknes og far til Jacob Bjerknes. Han var tidleg ute med grunnleggjande arbeid innanfor radioteknikken, som assistent for Heinrich Hertz.

Bjerknes var professor i Stockholm i 1895–1907, i Oslo i 1907–12 og 1926–32, i Leipzig i 1912–17, og i Bergen i 1917–1926. 

Gjennom forskinga hans vart det utvikla nye metodar for vêrvarsling. Bjerknes er rekna som grunnleggjaren av den moderne meteorologien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 12.12.2017