Hopp til innhold
X
Innhald

Königsbergs bruer

Königsbergs bruer, matematisk, er eit historisk vidgjete matematikkproblem som går ut på at ein skal finne ei rute over dei sju bruene i Königsberg (no Kaliningrad) og ende ved utgangspunktet; vegen må vere samanhengande og bruene kan passerast éin og berre éin gong. Leonhard Euler viste i 1736 at ein slik tur er umogleg, og arbeidet hans danna grunnlaget for ein ny matematisk teori kalla grafteori.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 15.04.2013