Hopp til innhold
X
Innhald

Matematikk

Matematikk (frå gresk mathema, kunnskap, vitskap) er opphavleg læra om tala og banda mellom dei, men omfattar òg læra om figurar i planet og romlekamar.

Alt i om lag 1700 f.Kr. sat babyloniarane og egyptarane inne med store kunnskapar i matematikk. Matematikk vart vidareutvikla av grekarane, og Euklid (320 f.Kr.) samla og bygde opp store delar av den kjende matematikken til eit system.
Indarar, kinesarar og japanarar utvikla òg monalege kunnskapar om matematikk lenge før Kristi fødsel. Seinare kom arabarane til å spele ei sentral rolle i utviklinga av matematikken.
Den framgangen matematikken fekk i Europa i renessansen, kom mykje av innsatsen til arabarane. Somme av dei viktigaste milepålane var innføringa av logaritmar (Napier i 1614), analytisk geometri (Descartes i 1637), sannsynsrekning (Fermat og Pascal i 1654), infinitesimalrekning (Leibniz og Newton, siste halvdelen av 1600-talet), elliptiske funksjonar (Abel og Jacobi i 1820-åra), liknings- og gruppeteorien (Abel og Galois, første halvdelen av 1800-talet), algebraisk logikk (Boole i 1847) og mengdelæra (Cantor i 1874). Den matematikaren som fekk mest å seie på 1800-talet, var Gauss. Av andre banebrytande matematikarar før 1900 kan nemnast Euler, brørne Bernoulli, Laplace, Lagrange, Cauchy, Riemann og Weierstrass.
Frå gamalt av har matematikk vore delt inn i ei rekkje disiplinar: aritmetikk, algebra og geometri. I dag vil vi seie at hovuddisiplinane er logikk med mengdelære, talteori, sannsynsrekning, algebra, matematisk analyse og geometri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 06.12.2012