Hopp til innhold
X
Innhald

Phobos

Phobos, eller Fobos (gresk, skrekk), er den inste av Mars sine to månar (27 km × 21 km × 19 km), og blei oppdaga av A. Hall i 1877.
 Phobos er mindre enn 6000 km frå Mars, og har ein masse på 1,08 × 10¹⁶ kg.
Phobos var i gresk mytologi son av krigsguden Ares (latin Mars). Phobos 1 og 2 er to Mars-sondar som blei skotne opp i 1988 frå Sovjetunionen. Dei hadde som hovudoppgåve å undersøke Phobos. Phobos 1 gjekk tapt etter feil kommando.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011