August
August er den åttande månaden i året, og er på 31 dagar.
Månaden er oppkalla etter keisar Augustus. Før hans tid heitte månaden Sextilis, den sjette. Etter gammal romersk kalender rekna ein 1. mars som den første dagen i det nye året, og ein nummererte månadene etter det, jamfør september, oktober og så vidare.
Nr. i året | Månad | Dagar |
---|---|---|
1. | Januar | 31 |
2. | Februar | 28, 29 ved skotår |
3. | Mars | 31 |
4. | April | 30 |
5. | Mai | 31 |
6. | Juni | 30 |
7. | Juli | 31 |
8. | August | 31 |
9 | September | 30 |
10. | Oktober | 31 |
11. | November | 30 |
12. | Desember | 31 |
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 01.08.2019